Gå Kystpilegrimsleia over Jæren
Arrangør: Utstein Pilgrimsgard
tirsdag 12 august 2025
Sted:
Strandgaten, Sandnes
Sommaren 2025 er du invitert til pilegrimsvandring på Kystpilegrimsleia frå Egersund til Stavanger.
Me planlegg tre overnattingar på Ognatun. Der får du oppreidd seng, frokost, matpakke og middag. Siste kvelden og siste overnatting blir på Sola Strand Hotell før me vandrar mot pilegrimsmålet vårt, Stavanger domkirke.
Du blir frakta fram og tilbake til Ognatun og bagasjen blir også kjørt slik at du berre treng ein dagstursekk til sjølve vandringane.
Gode, inngåtte tursko og mange mil i beina er svært viktig. God oppkjøring med lange og korte gåturar vil gjera opplevinga di mykje betre og stega dine lettare.
Dagsetappane er i gjennomsnitt 20 kilometer.